Suppe og samtale #1
- Sólveig Samon Gautadóttir
- Jan 7
- 2 min read
Updated: Jan 8
Denne laurdagen kan du vere med på ein ny start for Safa-fabrikkutsalet – berre med litt mindre støv og langt meir suppe. Me drøymer om å gi tomrommet nytt liv som ein møteplass for bygda – men for å klare det, treng vi ideane dine.

Kva ser du for deg? Kanskje kan fabrikken bli ein stad for kreative verkstader, yoga, kaffikrok og marknader? Eller kanskje noko heilt anna? Me veit ikkje endå, men det er det som gjer denne prosessen så spesiell. Me ønskjer å høyre kva du meiner og kva draumar du ser føre deg i dette rommet.
Korleis går vi fram? Laurdag er berre byrjinga – den første av mange verkstader der me saman kan utforske kva dette rommet kan bli, og korleis me kan skapa noko verdifullt for bygda. Lokalet står klart i si råe form, som eit blankt lerret. Me inviterer deg til å bli med på ein samtaleverkstad der vi samlar tankar, idear og inspirasjon. Ingen forslag er for store eller for små!
Kvifor er dette viktig? Samnanger fortener ein stad der vi kan møtast, dele, skape, hente inspirasjon, eller berre ta ein kopp kaffi medan ideane kjem av seg sjølve. Me trur dette prosjektet kan bli noko heilt spesielt – eit samarbeid der diverse bidrag har en betydning, og der me saman skaper noko som varer.
Praktisk informasjon:
Dato: Laurdag 11. januar 2025
Tid: 13:00
Stad: Fabrikkutsalet på Safa, Tysse
Kom som du er! Me byr på ei varm skål med suppe og ei open samtale. Du treng ikkje ha noko klart å bidra med – berre ein vilje til å lytte, dele og vera med på ein spanande start.
Meld deg på! Gi oss eit hint om du kjem, eller tips oss om nokon andre som burde vera med. Me gler oss til å høyre kva du tenkjer og til å skape noko unikt saman.
Med varme helsingar,
Samnanger Mylderlag
Comments