top of page
Snart
opnar
Kven er me?

Samnanger Mylderlag spring ut frå eit enkelt, men djupt ynskje: å samle menneske og idear i eit rom som omfamnar det som er, og legg til rette for det som kan bli – å nære rytmen mellom tilknyting og fridom.

​

Me er ei lita gruppe entusiastar som ser moglegheiter i det gamle Safa fabrikkutsalet på Tysse – ein stad der minna sit i veggane og framtida ventar i blikket.

Me drøymer om å fylle tomrommet med liv og sjå kva som skjer når menneske ikkje berre tilhøyrer ei bygd, men også kvarandre. Ein stad der idear kan smelte saman eller finne ro i lag.

​

Det handlar om å dele augneblikk utan hastverk – i eit rom der tankar kan flyte fritt og nye moglegheiter kan oppstå.

For me trur at det er nettopp i dette samspillet nye horisontar opnar seg – der ein finn grunn til å bli verande litt lenger, lytte meir, dele meir, eller rett og slett vere meir.

DALL·E 2023-04-21 11.37.15 - a relief wood (light wood like birch) carving of a ‘The Hands
Meld deg på her for å følgje
prosessen og vere ein del av reisa 
Vurder begeistringa di!
EKSTATISKOPPRØMTEUFORISKOVERLYKKELIGJUBLANDE
Bli med på lista!
Laget
DALL·E 2023-04-21 12.19.51 - white background ,an organic wood carving of a 'a flexed bice

Synne Kleivane, Knut Jørgen Jørgensen, Sondre H Røsseland, Erlend Røsseland Klette, Sólveig Lára Gautadóttir og Stian Tomin Nærøy, utgjer Mylderlaget.
Saman deler vi draumen om å forvandle Safa-fabrikkusalet til eit pulserande knutepunkt for idéar, fellesskap og kreativitet. 

​

Samnanger Mylderlag handlar ikkje berre om å skape eit rom, men om å bygge eit levande knutepunkt, der rammene inspirerer. Her finn kreativitet si frie form, og moglegheitene får slå rot. For å realisera denne visjonen har vi samla eit mangfald av talent – økonomisk innsikt, visuell sans, praktisk oppfinnsomheit og arkitektonisk tenking.

​

Det som bind oss saman, er ei lengt etter å skape ein stad som kan vere vertskap for eit mangfald av prosjekt, der tilfeldige møte med likesinna kan tenne nye idear.

Samnanger Mylderlag
Org.nr 931 147 110

bottom of page